Norsk English

Årsrapport 2016 for hardingfela.no

Framside årsrapport 2016

Hardingfela.no hadde sitt fyrste driftsår i 2016. Les meir om oss og kva me jobbar med i årsrapporten for 2016. Her kan du også lese om planane for tida framover.

Etter mange år med forprosjekt har hardingfela.no hatt sitt fyrste driftsår i 2016. Eigarane Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss Museum har funne si samarbeidsform,  og me er heldige å ha fått fleire og fleire gode samarbeidspartnarar med inn i prosjektet. Dette har allereie gjeve synlege resultat, og aktiviteta i 2016 har vore over all forventning.

Samhandling og samordning kan gjera folkemusikk - og folkedansfeltet endå større og sterkare, og me vil gjerne bidra til dette.

Me er stolte over å syna dykk i tekst og bilete kva me har jobba med i 2016, og kva planar me har for året/åra som kjem i denne rapporten.

Filer