Norsk English

Femte året med Master Class Hardanger

Knut Hamre Foto Elisabeth Emmerhoff

Master Class Hardanger går inn i sin femte sesong, med meisterspelemann Knut Hamre som hovudlærar. Søknadsfristen er 15.juni.

Master Class Hardanger er for deg som spelar hardingfele og ynskjer å fordjupa deg meir i spelet og tradisjonen. Prosjektet vart gjennomført fyrste gong hausten 2013 med 10 deltakarar frå Hordaland. Frå 2014 var MCH ope for søkjarar frå heile landet. Tilbakemeldingane er svært gode og me lyser no ut ny søknadsrunde.

Master Class Hardanger er ope for alle over 16 år. Både for dei som er ferdige/nærmar seg slutten i kulturskulen, og for vaksne som ynskjer påfyll og inspirasjon som utøvar.

Me ynskjer at Master Class-deltakarane skal ha eit nokolunde jamt nivå og ber difor om at du som søkjar sender 3 slåttar/lydspor og ei lita grunngjeving for kvifor du vil gå Master Class Hardanger saman med namn, alder og adressa til frank.henrik.rolland@hvm.museum.no  eller til Hardanger folkemuseum,  5778 Utne, innan 15.juni 2017.

Eigenandel kr 3500,- (inkluderer 10 enkelttimar, overnatting og deltaking på ei helgesamling våren 2018).

Det er plass til inntil 8 elevar i programmet. 3 elevar får gjennomført undervisninga hausten 2017 og 5 elevar våren 2018.


Om enkelttimane:
Saman med hovudlærar finn deltakarane fram til eit individuelt opplegg etter eleven sine ynskje. Ein avgjer sjølv korleis ein vil fordela timane. Du kan dela dei i 10 møter eller gjera avtale om lengre økter. Undervisninga går føre seg i Kulturbanken i Granvin i vekene 45, 46, 47 og 48 hausten 2017. Vekene for våren 2018 kjem me tilbake til.

 


For meir info:
Spelemann Knut Hamre tlf. 957 28 255
Fylkesmusikar Frank Rolland tlf. 906 32 556 frank.henrik.rolland@hvm.museum.no
Prosjektkoordinator for hardingfela.no Rannveig Djønne tlf. 47291012

 

Velkomen til å søkja!

Søknadsfristen er 15.juni!