Norsk English

Fjerde året med Master Class Hardanger

Knut Hamre 2

Master Class Hardanger går inn i sin fjerde sesong, med meisterspelemann Knut Hamre som hovudlærar. Søknadsfristen er 1.mai.

Master Class Hardanger er for deg som spelar hardingfele og ynskjer å fordjupa deg meir i spelet og tradisjonen. Prosjektet vart gjennomført fyrste gong hausten 2013 med 10 deltakarar frå Hordaland. Frå 2014 var MCH ope for søkjarar frå heile landet. Tilbakemeldingane er svært gode og me lyser no ut ny søknadsrunde.

Master Class Hardanger er ope for alle over 16 år. Både for dei som er ferdige/nærmar seg slutten i kulturskulen, og for vaksne som ynskjer påfyll og inspirasjon som utøvar.

Me ynskjer at Master Class-deltakarane skal ha eit nokolunde jamt nivå og ber difor om at du som søkjar sender 3 slåttar/lydspor saman med namn, alder og adressa til frank.henrik.rolland@hvm.museum.no  eller til Hardanger folkemuseum,  5778 Utne, innan 1. mai 2016.

Eigenandel kr 2.200,- (inkluderer 10 enkelttimar, overnatting og deltaking på helgsesamlingane med middag og lunsj på Utne Hotel)

Om enkelttimane:
Saman med hovudlærar finn deltakarane fram til eit individuelt opplegg etter eleven sine ynskje. Ein avgjer sjølv korleis ein vil fordela timane. Du kan dela dei i 10 møter eller gjera avtale om lengre økter. Undervisninga går føre seg i Granvin bygdetun på vekedagar i vekene 41, 42, 43, 45, 46 og 47.

Om helgesamlingane:
23.-24. september
Fredag 23.september: middag på Utne Hotel og omvising på Hardanger folkemuseum. Konsert om kvelden. Laurdag 24.september: omvising på felemakarverkstaden og folkemusikkarkivet. Workshop. Lunsj på Utne Hotel.

25. - 26. november
Fredag 25. november: middag på Utne hotel. Konsert om kvelden. Laurdag 26. november: føredrag og workshop. Ope feleverkstad og folkemusikkarkiv. Lunsj på Utne Hotel.

Samlingane finn stad på Hardanger folkemuseum. Overnatting hjå Raaen hytteutleige, Utne

For meir info:
Spelemann Knut Hamre tlf. 957 28 255
Fylkesmusikar Frank Rolland tlf. 906 32 556 frank.henrik.rolland@hvm.museum.no
Prosjektleiar Agnete Sivertsen tlf. 95 93 46 98 agnete.sivertsen@hvm.museum.no

 

Velkomen til å søkja!

Søknadsfristen er 1.mai