Norsk English

Hordaland Fylkeskommune ynskjer satsing på folkedans

Folkedans i Hordaland

Forrige veke vart det avgjort at prosjektet hardingfela.no får kr. 450 000 i tilskot frå Hordaland Fylkeskommune til starten av den 3-årige dansesatsinga "Folkedans i Hordaland".

Hardingfela.no er eigd av Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss Museum, og har det siste året mellom anna jobba med eit forprosjekt for «Folkedans i Hordaland». Prosjektleiar for danseprosjektet; Magni Rosvold, har laga ein god plan over tiltak for å løfte folkedansen i fylket. Dette arbeidet har vore gjennomført mellom anna ved hjelp av samarbeidspartnarane Hordaland Folkemusikklag og Hordaland Ungdomslag.

 «Spaninga var stor før møtet i KIRU-utvalet (Utval for Kultur, idrett og regional utvikling)", seier Rektor ved Ole Bull Akademiet; Jo Asgeir Lie. "Heldigvis ser også politikarane våre på folkedansen og folkemusikken som ein særs viktig del av vår kulturarv, og vedtaket om å støtte prosjektet vart einstemmig». Lie understrekar at også framover vert samarbeid med lokallag, vesentlege ressursmiljø og ressurspersonar viktig, og det skal haldast samrådingsmøte med aktuelle personar for å gå igjennom dansesatsinga framover.

I prosjektet ynskjer ein at lokale ressursmiljø er med på å finna dei tiltaka som best passar deira lokalmiljø. Ein vonar at prosjektet bidrar til å styrka samhaldet og samarbeidet i folkemusikk- og folkedansmiljøet i fylket som heilskap, i tillegg til relasjonen til andre kulturaktørar i regionen.

Det vert i dag i einskilde distrikt i Hordaland gjort mykje godt arbeid innan folkedans frå både friviljuge og profesjonelle aktørar.  «Me ynskjer å bygge opp under allereie eksisterande aktivitet, i tillegg til å tenkje nytt om formidling og rekruttering», seier prosjektleiar Magni Rosvold. «Samstundes ynskjer me å skapa nye arenaer og møteplassar for erfaringsutveksling, kompetanseutvikling og samarbeid for instruktørar, dansarar og vesentlege ressurspersonar i miljøet».

For intervju eller meir informasjon, kontakt:

Prosjektleiar for "Folkedans i Hordaland": Magni Rosvold. Tlf.nr. 97074954. magni@olebull.no

Rektor ved Ole Bull Akademiet: Jo Asgeir Lie. Tlf.nr. 90516652. joasgeir@olebull.no

Prosjektkoordinator for hardingfela.no: Rannveig Djønne. Tlf.nr. 47291012. rannveig@olebull.no

Filer