Norsk English

Hordaland Fylkeskommune sine folkemusikk - og folkedansstipend

Stipendvinnarar 2016

1. Juni er søknadsfristen for Hordaland Fylkeskommune sine folkemusikk - og folkedansstipend 2017.

Satsinga skal oppmuntra til kunstnarleg utvikling og å styrke og sikre arbeid med immateriell kulturarv. Stipenda vart delte ut for fyrste gong under Osafestivalen i 2016. Då fekk Alexander Aga Røynstrand hovudstipendet på 50 000 kroner og Kristoffer Kleiveland og Borghild Marie Opdahl stipenda på 25 000 (for utøvarar under 30 år). Her kan du lesa meir om fjorårets prisvinnarar.

Rådet for hardingfela.no innstiller søkjarane på grunnlag av ei skjønnsmessig vurdering av aktivitet og kvalitet. Deretter skal innstillingane opp i fylkesutvalet for kultur, idrett og regional utvikling. Utdelinga vert lagt til Osafestivalen på Voss 27.-29.oktober. I fjor var det 18 søknadar, og Hordaland Fylkeskommune vonar på mange gode søknadar frå heile fylket i 2017.

Søknadsskjema og meir om stipenda finn du her.