Norsk English

Master Class Hardanger International 2016

Leif Rygg

English Interessa for hardingfele er stor, også utanfor Norge. Ole Bull Akademiet og Hardanger og Voss museum lanserte hausten 2015 eit tilbod om undervisning på Master Class nivå retta mot hardingfelespelarar ute i verda, som ynskjer å koma til Norge, Voss og Hardanger for å fordjupa seg i spelet og tradisjonen. Dette vart ein stor suksess, og Master Class International fortset i 2016.

Som deltakar på Master Class Hardanger  - International får ein ta del i ei veke med undervisning med dei prisvinnande hardingfelespelemennene Leif Rygg og Frank Rolland. Ein får innføring i norsk folkemusikk på Ole Bull Akademiet, vera med på folkemusikkonsert og besøkja felemakarverkstad og folkemusikkarkiv.

Master Class Hardanger - International er open for alle over 18 år, og passar både for unge utøvarar som er under opplæring, og for vaksne utøvarar som ynskjer påfyll og inspirasjon. 

Master Class Hardanger - International vert arrangert i veke 38, 19. - 25. september.

 I 2015 hadde me 6 deltakarar frå England, Japan og USA. Her er nokre av tilbakemeldingane dei kom med etter veka i Noreg:

 "I left Granvin with one of the most fulfilling musical experiences I've ever had"

 "For me, the Master Class Hardanger International (MCHI) was a marvellous experience which I shall remember all my life. I was very excited to be given a place and had high expectations which were amply fulfillled. The teaching was excellent, the tutors patient and attentive to everyone's needs, the tunes really great, the company superb and very friendly. The mix of activities seemed ideal - lots of teaching, but also the fascinating talks, visits, concert and impromptu playing. But what I also really appreciated was the marvellous welcome we got from everyone, whether directly involved in the course or not."

 "I had an amazing time at the masterclass and missed it dearly when I got home. My least favorite part was that it had to end!"

Her kan du sjå frå Master Class Hardanger International på NRK

Korleis søkja:
Send tre slåttar/lydspor saman med namn, alder og adressa til frank.henrik.rolland@hvm.museum.no  eller til Hardanger folkemuseum,  N-5778 Utne, innan 1. april 2016.

Ein jury vel ut dei best kvalifiserte deltakarane. Svar kan ventast kring 1. mai.

Eigenandel kr 5.000,-
Dette inkluderer undervisning, overnatting, fullpensjon, billettar og transport mellom undervisningsstadene.

For meir info:
Fylkesmusikar Frank Rolland tlf. +47 90 63 25 56 frank.henrik.rolland@hvm.museum.no
Prosjektleiar Agnete Sivertsen tlf. +47 95 93 46 98 agnete.sivertsen@hvm.museum.noProsjektkoordinator for hardingfela.no Rannveig Djønne tlf. +47 29 10 12 rannveigdjonne@hotmail.com

Velkomen til å søkja!
Søknadsfristen er 1. april 2016

Prosjektet er støtta av Hardangerrådet. Master Class Hardanger - International er ein del av satsinga Hardingfela.no som er eigd av Hardanger og Voss museum og Ole Bull Akademiet.

Flere bilder

  • Frank Henrik Rolland, foto Tallik