Norsk English

Master Class Hardanger - Vokal

Berit Opheim

Våren 2017 vert det for fyrste gong arrangert Master Class Hardanger Vokal. Me er så heldige å ha fått Berit Opheim som hovudlærar, og søknadsfristen er 1.desember.

Master Class Hardanger starta i 2013 med eit undervisningsopplegg for hardingfelespelarar over 16 år. Initiativtakar var Hardanger og Voss Museum som etter kvart har utvida satsinga med både eit opplegg for utanlandske felespelarar og eit talentprogram for unge hardingfelespelarar frå Hordaland. Satsinga ligg no inn under prosjektet hardingfela.no som Hardanger og Voss eig saman med Ole Bull Akademiet. Me er stolte av å for fyrste gong kunne lysa ut Master Class Hardanger - Vokal med Berit Opheim som hovudlærar.

Kven kan søkje?

Master Class Hardanger - Vokal (MCH-vokal) er for deg som syng folkesong og ynskjer å fordjupa deg meir i songen og tradisjonane. Programmet er ope for alle over 16 år i heile landet. Både for dei som er ferdige/nærmar seg slutten i kulturskulen, og for vaksne som ynskjer påfyll og inspirasjon om utøvar.

Korleis?

Me ynskjer at Master Class-deltakarane skal ha eit nokonlunde jamnt nivå og ber difor om at du som søkjar sender 3 songar/lydspor saman med nokre linjer om deg sjølv (namn, alder, adresse m.m.) og din motivasjon for å søkje MCH-vokal til:

rannveig@olebull.no, evt. til Hardanger Folkemuseum, 5778 Utne innan 1. Desember 2016.

5 utøvarar kjem til å få tilbod om plass på MCH-Vokal.

Pris

Eigenandel kr. 3500 (inkluderar 10 einskildtimar med Berit Opheim og deltaking på ei helgesamling på Utne med middag og lunsj på Utne Hotel, overnatting hjå Råen Hytteutleige på Utne, workshop m.m.)

Om hovudlæraren

Berit Opheim frå Voss er ein av våre beste songarar og formidlar av norsk songtradisjon. Ho har delteke i eit stort antal utgjevingar, konsertar og førestillingar, vunne Landskappleiken og er ein særs dyktig pedagog. Dei siste åra har ho vore aktiv i "Trio Medieval" og hausten 2016 hadde ho premiere på soloførestillinga. «Tre vakre vener» som handlar om Berit sine hovudkjelder innan folkesong: Margreta Opheim, Olav Fletre og Ragnar Vigdal. I Master Class Hardanger - Vokal ynskjer Berit å fokusera mest på songtradisjonane i områda Hardanger, Voss og Sogn.

Om einskildtimane

Saman med hovudlærar finn deltakarane fram til eit individuelt opplegg etter eleven sine ynskje og/eller hovudlærar sine forslag. Ein avgjer sjølv korleis ein vil fordela timane. Du kan dela dei i 10 møter eller gjera avtale om lengre økter. Undervisninga kjem til å gå føre seg på Voss på vekedagar i vekene 9, 16 og 21 i 2017.

Om helgesamlinga

Meir info om tid, lærar og opplegg kjem!

For meir informasjon:

Kontakt Rannveig Djønne, tlf.nr. 47291012. E-post: rannveig@olebull.no