Norsk English

Nye songkveldar med Berit Opheim i Bygdatunet i Granvin

Kvedarkurs i Granvin - Foto: Gudrun Folkedal

Etter veldig fine songkveldar i haust og god deltaking så vert det nytt kvedarkurs for store og små i Granvin.

 

 

Berit Opheim kjem til bygdatunet i Granvin fire kveldar for å syngje med oss. Berit er kjend for dei fleste, men me kan nemne at ho er ein av landet sine fremste kvedarar og ein utruleg flink og grei songlærar!

Praktisk informasjon:

Stad: Granvin bygdatun

Alder: Frå 7 år og oppover. Inga øvre aldersgrense!

Datoar: Onsdagane 2. mars, 30. mars, 27. april, 1. juni, og kanskje ein kveld til.

Klokkeslett: For dei under 16 år: kl. 1800-1900. For dei over 16 år kl. 19.00-20.00.

Pris: kr. 100 pr. pers pr. gong

Påmeldingsfrist: 24.februar

Påmelding til: Rannveig Djønne, e-post: rannveigdjonne@hotmail.com eller tlf/sms til 47291012

Velkomne skal de vera!

 

Arrangørar: Hardanger Spelemannslag og hardingfela.no