Norsk English

Seminar for instruktørar innan folkemusikk og folkedans

Instruktørseminar1

24.-25. mars skipar hardingfela.no i samarbeid med Hordaland Folkemusikklag og Hordaland Ungdomslag til seminar for kulturskulelærarar, instruktørar og andre som er interesserte i folkemusikk og folkedans.

Seminaret er meint som fagleg påfyll, inspirasjon og ikkje minst ein møtestad for instruktørane for debatt og erfaringsutveksling.

Fredags kveld vert ein meir generell del om rekrutteringsarbeid før me tek eit meir djupdykk i undervisninga på laurdagen. Det er råd å berre vera med fredags kveld dersom det er nokon som ynskjer det (t.d. leiarar i lokallag og andre).

Tid: Fredag 24.-mars kl. 1700 - Laurdag 25.mars kl. 1600

Stad: Ole Bull Akademiet på Voss

Deltakaravgift kr. 500.

Deltakaravgift kun fredag kr. 200

Pris på overnatting på Ole Bull Akademiet inkl. frukost: kr. 490

Pris på middag på fredagen og lunsj laurdagen kjem.

Påmelding innan 10.mars til rannveig@olebull.noTlf.nr. 47291012

Innleiarar:

Linda Skjerping (toradar): Linda bygd opp eit unikt toradarmiljø på Osterøy gjennom 25 år, og har motteke mange prisar for sitt arbeid med dei unge toradarspelarane på Osterøy. Utøvarane har ikkje berre vore mange opp igjennom åra, dei er også særs gode og syner godt att på resultatlister i nasjonale meisterskap og nokre har også valgt toradaren som leveveg. Linda er kulturskulelærar med anna jobb attåt, men har likevel hatt tid til å gjera Osterøy til ein toradarkommune. Kva er Linda sin metode?

Unni Boksasp (song): Unni er nordmøringen som flytta til Tinn i Telemark. Attåt å vera ein ettertrakta profesjonell utøvar og mykje på turné så er ho særs aktiv i lokalmiljøet og har mellom anna 39 kvedarelevar og danseopplæring for 50 ungdom saman med Torbjørn Rua Dokken. Tinn Spelemannslag vart i 2016 kåra til årets lokallag i FolkOrg for mellom anna sitt arbeid med å få opp rekrutteringa. For knapt ti år sidan så var det nesten ingen som dreiv med folkemusikk og folkedans i Tinn. No har dei ei gruppe på 70 aktive ungdomar innan dans, spel og song. Samarbeid kulturskule, spelemannslag og lokalmiljø er stikkord her. Korleis jobbar Unni og korleis jobbar dei i Tinn Spelemannslag tru?

Elna Føleide Selle (hardingfele): Bergen Juniorspelemannslag imponerte i haust i Den Norske Opera i Oslo som vinnarar av lagspel junior under Landskappleiken 2016. Elna Selle er leiar for laget og har vore ansatt som lærar på hardingfele (og fiolin) i Bergen Kulturskole sidan 1997. Elna kan gje eit interssant innblikk i korleis ho nyttar Suzukimetodikk i undervisninga og korleis ho gjennom systematisk jobbing har gjort Bergen til eit av dei mest aktive hardingfelemiljøa for barn og ungdom i Noreg.

Namn på danseinstruktør kjem snart!

Dei vil fortelje om si verksemd som instruktørar med stikkord som: Kva er det som gjer at ein lukkast? Kvar hentar ein inspirasjon både til seg sjølv og til elevar/spelemannslaga? Kva er målet med opplæringa, og kva lærer me bort? Gode tips, triks og råd!

Program:

Fredag 24.mars

1700-1730: Unni Boksasp: Om sitt arbeid med kvedarane i Tinn og generelt arbeid i Tinn Spelemannslag.

1730-1800: Linda Skjerping: Suksessfaktorar i toradarmiljøet på Osterøy

1800-1815: Pause

1815-1845: Namn kjem

1845-1915: Elna Føleide Selle: Om opplegget kring Bergen Juniorspelemannslag og aspirantane

1915-2000: Spørsmål til innleiarane og debatt

2000: Middag

Sosialt samvær og jamming resten av kvelden

Laurdag 25.mars

0900-1000: Frukost

1000-1100: Elna Føleide Selle - føredrag for alle songarar/instrumentalistar.  Opplegg for den individuelle undervisninga. Suzukimetoden og instrumentalopplæring (kring 30 min innleiing og kring 30 min. spørsmål og diskusjon)

1000-1100: Namn kjem - danseverkstaden startar

1100-1115: Felles pause

1115-1200. Delt inn i grupper song, toradar/trekkspel, fele og dans

1200-1300: Lunsj

1300-1345: Delt inn i grupper song, toradar/trekkspel, fele og dans

1345-1400: Pause

1400-1530: Plenumsdebatt og erfaringsutveksling. Tema vert satt ut frå ynskje frå seminardeltakarane og kva som har dukka opp i dei ulike gruppene.

 

(Mogelegheiter for endringar før seminaret)