Norsk English

Spanande nytilsetjingar i hardingfela.no

Magni Rosvold

Rett før 2015 var over så vart det gjort to spanande nytilsetjingar gjennom prosjektet hardingfela.no og Ole Bull Akademiet.

Prosjektleiar for forprosjektet til "Folkedans i Hordaland" Magni Rosvold frå Eikelandsosen i Fusa og instrumentkonservator- og restauratør Wiebke Lüders frå Tyskland kjem båe til å ha tilhaldsstad på Voss og på Ole Bull akademiet.

Folkedans i Hordaland

Folkedansen i Hordaland lever godt nokre stader, men det er jamt over vanskeleg å knekkje rekrutteringskoden. Prosjektet hardingfela.no, ved eigarane Hardanger og Voss Museum og Ole Bull akademiet ynskjer å ta ansvar for ei auka satsing på folkedansen i fylket. Hordaland Folkemusikklag og Hordaland Ungdomslag er mellom samarbeidspartnarane .

- I fyrste omgang skal me jobba med eit forprosjekt i eit halvt år som vonaleg skal leggje grunnen for fleire år med fokus på folkedansen i Hordaland. Utvikling, forvaltning og formidling av dansetradisjonane i fylket vårt er nokre av stikkorda, fortel prosjektkoordinator for hardingfela.no, Rannveig Djønne.

Det var fleire veldig gode søkjarar til stillinga som prosjektleiar, og Magni Rosvold fekk til slutt tilbodet. Ho både dansar folkedans og spelar hardingfele, og har mellom anna bachelor i dansevitenskap. For tida avsluttar ho ein master innan Human Resource Management.

- Dette er akkurat ein slik jobb eg har drøymt om i mange år, seier Magni Rosvold. Eg brenn for å vera med på å løfta folkedansen i Hordaland, og gler meg til å starta opp i februar.

Styrking av felemakarverkstaden på Ole Bull Akademiet

Wiebke Lüders har teke utdanning som instrumentkonservator i Wien, og har lang erfaring i dette faget med frilansoppdrag i Europa og Amerika, mellom anna frå Ringve museum der hun restaurerte ei hardingfele. Ho har jobba mest med taste- og strykeinstrumenter. I fjor oppsøkte ho Ole Bull Akademiet for å læra meir om hardingfela, og hadde i haust eit 1 månad langt arbeidsopphald på verkstaden hjå Sigvald Rørlien.

I løpet av den korte tida kom ho godt i gang med byggjing av ei hardingfele. Kunnskapen hennar vart lagt merke til på Ole Bull Akademiet, og ho fekk tilbod om engasjement i 50 % for å byggje og konservera instrument. Det er bruk for kompetansa hennar til å ta vare på felene i samlinga på Ole Bull Akademiet, og ikkje minst dei talrike instrumenta som verkstaden får inn til reparasjon. Det kan også verta aktuelt med undervisningsoppgåver på felemakarstudiet.

 - Vårt allereie sterke fagmiljø på Ole Bull Akademiet får eit løft ved at me får inn endå større kompetanse på folkedans gjennom Magni, og Wiebke har ein formell kompetanse og ein realkompetanse som er gull verd for hardingfelemakarstudiet. Samstundes er samarbeidet med Hardanger og Voss museum veldig godt i prosjektet hardingfela.no. Me ser verkeleg fram mot eit spanande 2016 for folkemusikken og folkedansen i regionen vår, seier rektor på Ole Bull Akademiet, Jo Asgeir Lie