Norsk English

Unik talentsatsing for unge hardingfelespelarar frå heile Hordaland

Undervisning på Utne 2015

Master Class Hardanger - Ung er for hardingfelespelarar under 16 år frå heile Hordaland. Søknadsfristen er 1.juni, og det er plass til inntil 10 deltakarar i satsinga.

Master Class Hardanger - Ung (MCH-Ung) er for deg under 16 år som spelar hardingfele og ynskjer å fordjupa deg meir i spelet og tradisjonane. Prosjektet vart gjennomført fyrste gong hausten 2015/våren 2016 med 8 deltakarar frå Hardanger. No opnar me opp for søkjarar frå heile Hordaland, og me har plass til inntil ti deltakarar.

Eit krav er at ein går i kulturskulen der ein har hardingfele som undervisningstilbod. Denne søknadsrunden gjeld for skuleåret hausten 2016/våren 2017. Tema for hausten 2016 er dansespel.

MCH-Ung er samlingsbasert, og hovudlærarane er Knut Hamre og Frank Rolland. Samlingane hausten 2016:

28. August. Utne eller Voss.

24. September på Utne. Samling samstundes som MCH - Nasjonal.

28.-30. Oktober Osafestivalen på Voss. MCH-Ung vert ei eiga gruppe under storkurset UngOsa på Voss, og skal mellom anna få undervisning, delta på dans og konsertar og spela til dans.

26. November på Utne. Samling samstundes med MCH-Nasjonal.

Me ynskjer at deltakarane i MCH-Ung skal skal ha eit nokolunde jamt nivå og ber difor om at du som søkjar sender 3 slåttar/lydspor (ta gjerne opptak med mobil-telefonen din) saman med namn, alder og adressa til frank.henrik.rolland@hvm.museum.no  eller til Hardanger folkemuseum,  5778 Utne, innan 1. Juni 2016.

Ein jury vel ut deltakarane, og du vil få beskjed i starten av juli om du er valgt ut til å vera med på MCH-Ung.

Eigenandel kr 1500 fram til jol. inkl. overnatting og festivalpass på Osafestivalen, undervisning og mat under samlingane.

For meir info:

Fylkesmusikar Frank Rolland tlf. 906 32 556 frank.henrik.rolland@hvm.museum.no
Prosjektkoordinator Rannveig Djønne tlf. 47291012 rannveig@olebull.no