Norsk English

Utlysing av Master Class Hardanger - vokal

Berit Og Kirsten

Våren 2018 vert det for andre gong arrangert Master Class Hardanger Vokal etter særs gode tilbakemeldingar i 2017. Me er så heldige å ha Berit Opheim som hovudlærar igjen, og Kirsten Bråten Berg skal ha seminar for deltakarane. Søknadsfristen er 15.desember.

Master Class Hardanger starta i 2013 med eit undervisningsopplegg for hardingfelespelarar over 16 år og har vorte utvida etter kvart med både eit opplegg for utanlandske felespelarar, eit talentprogram for unge hardingfelespelarar frå Hordaland og eit vokalprogram. Satsinga ligg under prosjektet hardingfela.no som Hardanger og Voss eig saman med Ole Bull Akademiet. Me er stolte av å for andre gong kunne lysa ut Master Class Hardanger - Vokal med Berit Opheim som hovudlærar.

Kven kan søkje?

Master Class Hardanger - Vokal (MCH-vokal) er for deg som syng folkesong og ynskjer å fordjupa deg meir i songen og tradisjonane. Programmet er ope for alle over 16 år i heile landet. Både for dei som er ferdige/nærmar seg slutten i kulturskulen, og for vaksne som ynskjer påfyll og inspirasjon om utøvar.

 

Korleis?

Me ynskjer at Master Class-deltakarane skal ha eit nokonlunde jamnt nivå og ber difor om at du som søkjar sender 3 songar/lydspor saman med nokre linjer om deg sjølv (namn, alder, adresse m.m.) og din motivasjon for å søkje MCH-vokal til:

rannveig@olebull.no innan 15. Desember 2017.

5 utøvarar kjem til å få tilbod om plass på MCH-Vokal.

 

Pris

Eigenandel kr. 3500 (inkluderar 10 einskildtimar med Berit Opheim og deltaking på to helgesamlingar på Utne med mat, overnatting hjå Råen Hytteutleige på Utne, workshop m.m.)

 

Om hovudlæraren

Berit Opheim frå Voss er ein av våre beste songarar og formidlar av norsk songtradisjon. Ho har delteke i eit stort antal utgjevingar, konsertar og førestillingar, vunne Landskappleiken og er ein særs dyktig pedagog. Dei siste åra har ho vore aktiv i "Trio Medieval" og hausten 2016 hadde ho premiere på soloførestillinga. «Tre vakre vener» som handlar om Berit sine hovudkjelder innan folkesong: Margreta Opheim, Olav Fletre og Ragnar Vigdal. I Master Class Hardanger - Vokal ynskjer Berit å fokusera mest på songtradisjonane i områda Hardanger, Voss og Sogn.

 

Om einskildtimane

Saman med hovudlærar finn deltakarane fram til eit individuelt opplegg etter eleven sine ynskje og/eller hovudlærar sine forslag. Ein avgjer sjølv korleis ein vil fordela timane. Du kan dela dei i 10 møter eller gjera avtale om t.d. to songtimar etter kvarandre. Undervisninga kjem til å gå føre seg i Bergen eller på Voss og startar etter veke 7.

 

Om helgesamlingane

9.-10. februar: Seminar med Kirsten Bråten Berg. Helga tek til fredags kveld med konsert med Kirsten Bråten Berg og Per Anders Buen Garnås på Hardanger Folkemuseum. Laurdag vert det kurs med Kirsten.

Kirsten Marie Bråten Berg er folkemusikar, visesongar og sølvsmed busett i Rysstad i Setesdal. Ho er mellom dei mest kjende og framståande kvedarane i Noreg i dag og har nådd eit stort publikum, særleg gjennom samarbeidet med musikarar frå andre musikktradisjonar. Les meir om fantastiske Kirsten her

 

5.-6.mai: Oppsummerande helgesamling med Berit Opheim. Seminaret tek til fredags ettermiddag og fortset på laurdagen med seminar og avslutningskonsert 6. mai kl. 1530 der elevane deltek.

Samlingane og avslutningskonserten vert i lag med elevane som går Master Class Hardanger - hardingfele. Dei har Knut Hamre som hovudlærar.

For meir informasjon, kontakt Rannveig Djønne, tlf.nr. 47291012. E-post: rannveig@olebull.no