Norsk English

Vellukka seminar på Voss

Instruktørseminar1

15 deltakarar frå ulike kantar av landet fekk eit innhaldsrikt døgn under seminaret for instruktørar innan folkemusikk og folkedans på Ole Bull Akademiet.

"Når du klarte å læra å danse så klarar alle det"

Etter flott musikk og velkomstord frå rektor ved Ole Bull Akademiet, Jo Asgeir Lie, var Martin Myhr fyrste innleiar. Martin fortalde om korleis han vart kjend med dansen og om kva innverknad møtet med Øyvind Kvile hadde på han. I starten klarte ikkje Martin å stokke føtene, og det tok han etter seiande fleire år, før han hadde noko nytte av musikken. Det blei sagt til han seinare i livet at: "Martin, når du klarte å lære å danse - klarer alle det". Og danse - det kan Martin Myhr! Vidare fekk vi høyra om det gode arbeidet han og kona Gunnhild har gjort på Torpo i Hugnadheim. Dette har resultert i alle dei spele-, synge- og danseglade borna og ungdommane som vi jo både har sett og høyrt mykje til, på både kappleik og elles i folkemusikk- og folkedansmiljøet. Det var veldig inspirerande og spanande å få høyre om.

 Fyrverkeri frå Malmö

Det stod berre godbitar på programmet, og den neste på programmet var fyrverkeriet Ninni Carr frå Sverige. Ho underviser i folkemusikkpedagogikk ved Musikkhøgskulen i Malmö, er utdanna susukipedagog og har også studert rytmikkpedagogikk og musikkterapi. Under hennar innlegg tok ho mellom anna opp kva for ulike oppgåver lærar, foreldre og barnet har i undervisingssamanheng. Det blei også peika på kor viktig lærarens pedagogiske dugleik er. Autentisk, fengslande, entusiastisk, pasjonert, sjølvsikker og nærverande, var nokre av stikkorda i denne samanheng. Ikkje minst framheva Ninni samhaldet, og at ein kan vedlikehalde og fornya samhald gjennom musikk og dans. Og: dans og spel høyrer saman.

Skal me spela saman eller spela samstundes?

Samhald og spesielt samspel var på timeplanen då Synnøve S. Bjørset haldt sitt innlegg laurdagsmorgonen. Ho stilte spørsmål rundt kva eit spelemannslag eigentleg er, kva verdiar ein ser som viktige, kva ein vil oppnå og kva for mål ein har i det bestemte laget. Det beste i ein samspelsituasjon må vera "at ein spelar saman, og at det ikkje berre er slik at spelinga skjer samstundes". Her vart det mellom anna peika på kor viktig det er at ein i laget er einige om å nå det måla laget har satt seg. I tillegg tips og råd om korleis ein kan arbeida mot å betra samspelet i eit spelemannslag vart det lagt vekt på å arbeida med ein eigen stil. Vi menneske har gjerne lyst til å vera litt like kvarandre, men vi har også eit ynskje om å vera noko eige. Den kjensla det gjev - å skapa noko, eige, saman - "det må alle få lov til å oppleve minst ein gong i livet!" fastslo Synnøve entusiastisk.

Aktivt Juniorspelemannslag

Kjemi, energi og tillit er tre ord som kan oppsummera delar av det Marit L. Westling formidla omkring både det å læra å spela, men også når det gjeld å læra ifrå seg. Også Marit peika på kor viktig det er at ein får inn dans i samband til speling, for "når ein spelar må ein også vite kva dans er", poengterte ho. Ho formidla også ei tru på at ungane lyt få tillit til, og trening i, å stå på eigne bein. Ho fortalde kring arbeidet med Hedmark Juniorspelemannslag, og korleis dei jobbar med prosjekt og heile tida ha mål å jobbe mot. I desse dagar legg til dømes juniorspelemannslaget ut på turné saman med Majorstuen og prosjektet "Kvitre".

 I tillegg til dei fire spanande og inspirerande innlegga, fekk alle deltakarane vera med på felles verkstad med Ninni Carr. Etter det kunne ein velja mellom danseverkstad med Martin Myhr eller speleverkstad med Marit Westling.

 

Tilbakemeldingane frå kursdeltakarane har vore gode, og hardingfela.no er allereie i gang med planlegging av seminar til neste år.

Flere bilder

  • Instruktørseminar2
  • Instruktørseminar3
  • Instruktørseminar4
  • Instruktørseminar5
  • Instruktørseminar6
  • Instruktørseminar7